oktober 2021

08okt21:0023:00Gammalgrass på Gålå | Stian Carstensen & Ola Kvernberg21:00 - 23:00

Se mer

Informasjon om arrangementet

Ola Kvernberg og Stian Carstensen! Gammalgrass kombinerer bluegrass, gammaldans, Paganini og absurde folkemusikalske, og alle andre musikalske uttrykk i eit tempo som eigentleg ikkje skal vera mogleg.
På herlege Høyloftet med utsikt mot Gålåvatnet kjem duoen rasande for å få oss til å le krampaktig av musikalske sprell, spelt med ein blendande teknikk og enorme mengder musikalitet frå to fantastiske utøvarar. Stian Carstensen og Ola Kvernberg treng ingen nærare presentasjon, då dei byr på den mest ekstravagante overskotsmusiseringa norsk musikk har å bjode på.
Med Gålåvatnet som bakteppe og servering frå baren på Høyloftet i Peer Gynt sitt rike, underheld multiinstrumentalisten Carstensen og fiolinist Kvernberg underhalde både med humor og musikk.
Konserten blir arrangert i samarbeid med Peer Gynt. Knut på Røsslyngstua står for salg av snacks og drikke i baren. Velkome til fjells!
Billett: 350,-
Ekstra billettar lagt ut – få plassar!
Komplett konsertprogram Gudbrandsdal Musikkfest 7. – 10. oktober: www.gudbrandsfest.no
***
Gudbrandsdal Musikkfest byr på kulturopplevelser på høgt internasjonalt nivå ved dei beste utøvarane av norsk folkelig klassisk musikk og nordisk folkemusikk – kvar for seg og i samspel.
Festivalen byr på særprega konsertarenaer som tar gjestane med inn i dalens historie, bygningskultur, landskap og folkeliv – frå Mjøsa i sør til Jotunheimen i nord.
Velkomen til musikk, mat, overnatting og opplevelsar i toppklasse!

Tid

8. oktober 2021 - 8. oktober 2021

X