Klokkarstranda

Kunstprosjektet Vegskille i Sør-Fron

Kunstverket Oktagon ved Hella på Harpefoss er også ein bålplass. Her frå opninga av verket 23. september. - Klikk for stort bildeBjørn SlettenKunstprosjektet Vegskille skapar debatt i fronskommunane. Her kan du lese utfyllande informasjon om dei to verka som ligg i Sør-Fron. 

På Hundorp stasjon har kunstnar Ola Sendstad (t.v.) laga verket Krysningsspor.  - Klikk for stort bildePå Hundorp stasjon har kunstnar Ola Sendstad (t.v.) laga verket Krysningsspor.Bjørn SlettenDei to verka i Sør-Fron er plassert på Hundorp stasjon og ved Klokkarstranda på Harpefoss, ved Strandtjønn og Hella. Verka er temporære, det vil seie at dei er midlertidige, og at dei på eit tidspunkt blir fjerna. 

Sør-Fron kommune har støtta verka med 300 000 kroner, fordelt over tre år. Den totale prislappen for verka i Sør-Fron og Nord-Fron er 1 800 000 kroner, der KORO (Kunst i offentlige rom), Oppland Fylkeskommune og Regionrådet for Midt-Gudbrandsdalen er bidragsytarar. 

Her kan du lese om den politiske behandlinga av prosjektet Vegskille.

Hundorp

På Hundorp stasjon har arkitekt og kunstnar Ola Sendstad laga ein lydinstallasjon som har fått tittelen «Krysningsspor». Tek du turen ned til den nedlagte stasjonen kan du sjå ein høgtalar på veggen ved inngangsdøra, ikkje ulik høgtalarane som i «gamle dagar» opplyste avgangstider og forsinka tog på stasjonen. 

Det spesielle med denne høgtalaren er at Sendstad har intervjua ei rekkje sørfrøningar og andre med tilknyting til bygda som fortel om sitt forhold til stasjonen. Dei deler sine minner og framtidstankar om stasjonen, og tanken er at prosjektet kanskje kan vera eit fyrste ledd i ei revitalisering av stasjonen og området. 

Kunstverket Oktagon ved Strandtjønn.  - Klikk for stort bildeKunstverket Oktagon ved Strandtjønn.Bjørn Sletten

 

Harpefoss

Går du turstien frå Klokkarstranda inn gjennom skogen mot Strandtjønn, blir du møtt av ein åttekanta gangveg som svinger seg halvvegs ut i vatnet.

Det er arkitektane Rintala/Eggertsson som saman med 18 arkitektstudentar har laga verket Oktagon, som består av gangbanen ved Strandtjønn, samt ein åttekanta bålplass med vedopplag som veggar, på Hella ute ved Laugen. 

Dei to oktagonane, eller åttekantane, har allereie vorte populære turmål og ynda Instagram-motiv for frøningane. 

X