Stolpejakten – for alle!

Sesong: Juni–oktober

Stolpejakten i Sør-Fron

Sør-Fron kommune arrangerer kvar sommar Stolpejakt. Totalt kan du finne 50 stolpar på ulike plassar i kommunen vår!

Frå juni til oktober kan du delta i Stolpejakten i Sør-Fron. Det er Fysak-gruppa i Sør-Fron, saman med gode medhjelparar, som planlegg og plasserer stolpar i heile vår vidstrakte kommune.

Kva er Stolpejakten og korleis kan eg delta?

Stolpejakten går ut på å finne stolpane som er plassert ut på fjelltoppar og i nærmiljø – registreringa skjer ved at ein skannar kodane på stolpen.  Alt du treng å gjere er å registrere deg på stolpejakten.no. der kan du og legge inn familiemedlemar, slik at eit barn på fem år utan mobiltelefon også kan få registrert sine stolpar.

Inne i appen finn du også informasjon om dei forskjellige stolpepunkta, og korleis du enklast kjem deg dit.

Om du vil ha fysiske kart over stolpepunkta, kan du laste ned og skrive ut det her. (PDF, 27 MB) Du kan også henvende deg til servicekontoret eller biblioteket for å få hjelp med kart. I år har vi også laga eit digitalt kart som du finn her.

Gi oss attendemelding!

Dersom du oppdagar at stolpane er fløtt på eller ikkje stemmer heilt overeins med koordinatane på kartet blir vi veldig glade om du seier frå!

Send da ein epost til kultur- og næringsleiar Bjørn K. Sletten: bjorn.sletten@sor-fron.kommune.

Du kan også gi oss attendemelding på Facebooksida vår.

Stolpejakta i Sør-Fron startar 15. juni og varar heilt fram til 1. november. Du finn alt du treng av opplysningar for å komme i gang med stolpejakt, på stolpejakten.no.

X